Aleksandr Prokhorov

russisk fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Aleksandr Prokhorov
Remove ads

Aleksandr Mikhajlovitsj Prokhorov (russisk: Александр Михайлович Прохоров) (11. juli 19168. januar 2002) var ein sovjetisk fysikar.

Kjappe fakta

Prokhorov utvikla saman med Nikolaj G. Basov teknikken for forsterkning av elektromagnetiske bølgjer ved stimulert emisjon som ligg til grunn for oppfinninga av masaren og laseren. For dette mottok han i 1964 Nobelprisen i fysikk saman med Basov og Charles H. Townes.

Han vart forskar i 1939 ved Lebedevinstituttet for fysikk i Moskva og frå 1954 var han laboratoriesjef der. Frå 1972 vart han visedirektør ved instituttet. Sidan 1958 vart han òg professor ved Universitetet i Moskva.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads