Aleksandr Tkatsjov

From Wikipedia, the free encyclopedia

Aleksandr Tkatsjov
Remove ads

Aleksandr Vasiljevitsj Tkatsjov (fødd 4. november 1957) er ein tidlegare turnar frå Semiluki som representerte Sovjetunionen. Han vart olympisk meister 1980 i skranke og i lagkamp, elles vann han tre VM-gull og fire EM-gull i perioden 1977-81. I 1977 viste han som den fyrste eit element i svingstang som seinare vert kalla Tkatsjov-overhopp, eit imponerande element som fleire utøvarar sidan har teke etter.

Kjappe fakta

Tkatsjov vann gullmedaljen i frittståande ved europameisterskapen 1977 i Vilnius, der han òg fekk med seg tre sølvmedaljar. Året etter fekk han ein sølvmedalje i lagkampen med det sovjetiske mannskapet ved Turn-VM 1978. I 1979 tok han gull og sølv ved EM i Essen. Ut på hausten drog han frå Turn-VM 1979 i Fort Worth med seks medaljar; gull i lagkamp, to sølv- og tre bronsemedaljar. Under dei olympiske sommarleikane i Moskva vann han gull i lagkamp og i skranke-øvinga, i ringar fekk han sølv. Året 1981 vart han fyrst europameister i mangekamp og svingstang i Roma, der han i tillegg vann han ein sølv- og tre bronsemedaljar. Sidan i Turn-VM 1981 vann han gull i mangekamp og i skranke.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads