Aleksej II av Moskva
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Patriark Aleksej II (23. februar 1929–5. desember 2008) var den femtande patriarken av Moskva og heile Russland og primas i Den russisk-ortodokse kyrkja.
Patriarken vart fødd i Tallinn i Estland som Aleksej Mikhailovitsj Ridiger (kyrillisk Алексе́й Миха́йлович Ри́дигер). Faren Mikhail Ridiger var ein prest av tysk-baltisk opphav medan mora Jelena Josifovna Pisareva var russisk. I mellomkrigstida var Estland sjølvstendig og blei eit åndelege sentrum for den russisk-ortodokse kyrkja.

I 1953 fullførte Aleksej teologistudium i dåverande Leningrad (St. Petersburg) og i 1961 blei han utnemnd til biskop for Tallinn og Estland. Han blei vald til patriark i 1990 i det første valet sidan revolusjonen utan påverknad frå kommunistpartiet. Han blei også den første patriarken i Russland etter samanbrotet av Sovjetunionen, og leidde kyrkja i ei tid då ho fann seg ein ny plass i det offentlege Russland.
I mai 2007 møtte han metropolitan Laurus av den russisk-ortodokse kyrkja utanfor Russland, som var blitt oppretta under sovjettida, for ein tilnærmingsseremoni mellom dei to kyrkjesamfunna. Patriarken hadde derimot dårlege tilhøve til paven i Roma, som han skulda for å misjonera i ortodokse område.
Aleksej II døydde 5. desember 2008.[1]
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Patriarch Alexy II of Russia» frå Wikipedia på engelsk, den 14. desember 2008.
- Sophia Kishkovsky, «Patriarch Aleksy II, Russian Orthodox Leader, Dies at 79». NY Times. December 6, 2008.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads