Alex Brinchmann

norsk lege og forfattar From Wikipedia, the free encyclopedia

Alex Brinchmann
Remove ads

Alexander Brinchmann (15. juni 188818. april 1978) var ein norsk forfattar og barnelækjar frå Oslo.

Kjappe fakta
Remove ads

Biografi

Alex Brinchmann blei cand. med i 1912, og studerte barnesjukdommar ved Charité-sjukehuset i Berlin i 1913-1914. I 1921 vart han godkjend som spesialist i barnesjukdommar, og i 1922 vart han dr. med. Brinchmann gav ut ei rekkje vitskaplege artiklar innan pediatri, m.a. om nedkjemping av tuberkulose hjå born. I 1933 - 1934 var han formann i Norsk Pediatrisk Selskap, den noverande Norsk barnelegeforening. I tillegg til å jobba på Rikshospitalet ei tid, dreiv han privat lækjarpraksis i Oslo frå 1914 - 1972.

I 1927 debuterte han som skjønnlitterær forfattar under pseudonymet Roy Roberts. Dette pseudonymet nytta han i ei rekkje populære kriminalromanar han gav ut fram til 1971. Mann i gul frakk (1946) vert av mange halden for å vera den beste kriminalromanen hans.

Brinchmann gav også ut romanar under sitt eige namn, samt fleire skodespel. I hans komedie Karusell frå 1940 er det ein replikk som har gått inn i det norske språket som eit eige uttrykk, nemleg: «Piller og piller, fru Blom!» Piller vert i uttrykket bytt ut med det som passar for høvet.

Brinchmann fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1952. Han vart far til skodespelaren Helen Brinchmann og regissøren Arild Brinchmann.

Remove ads

Bøker

Kriminalromanar av Roy Roberts

  • 1927 Bengt Bondes hemmelighet
  • 1927 Mysteriet Steegener
  • 1928 Hevneren
  • 1929 Krebseklubben
  • 1930 Det levende portrett
  • 1946 Mann i gul frakk
  • 1947 Skudd i ruten
  • 1955 Elevatorsjakten
  • 1971 Kiosken ved Grand

Andre romanar

  • 1931 Deilig er jorden
  • 1933 Dissonanser
  • 1936 Så møtes vi imorgen
  • 1937 Den rike mann
  • 1937 Mannen som kom tilbake
  • 1939 Veien frem

Dramatikk

  • 1937 På fruktene skal de kjennes
  • 1940 Karusellen - Komedie i 4 akter.
  • 1945 Lykkelige ungdom - Skodespel i fire akter.
  • 1948 Løgnen og lykken - To skodespel.
  • 1950 Uten nåde - Høyrespel i 1 akt.
  • 1951 De som meget har elsket - Høyrespel i 1 akt.
  • 1951 Sørensen - Høyrespel i 1 akt.
  • 195X Kontorprinsessen - Komedie i tre akter.
  • 1952 Den som elsker sin far- - Skodespel i 3 akter.
  • 1954 Lykkelige ungdom - Skodespel i tre akter.
  • 1955 Gapestokken - Høyrespel.
  • 1955 På fastende hjerte
  • 1957 Grønn sofa - Radiohumoreske.
  • 1960 12-klubben - Høyrespel.
  • 1971 Drømmen - Radioskodespel.

Medisinsk faglitteratur

  • 1921 Om katalasereaktionen i fæces hos barn og dens betydning for diagnosen av barnets tarmsygdomme Kristiania Rikshospitalets barneavdeling.
  • 1925 Om spædbarnstuberkulosens symptomoøogi og prognose 4. Nordiske tuberkuloselægemøde.
  • 1929 Barnets første år Oslo Gyldendal.
  • 1930 Rapport sur les 8 premières années d'activité (1922-1930) de la Crèche de Aakebergveien à Oslo Oslo.
  • 1937 Normale barn fra sunde hjem Norsk rikskringkasting - serieforedrag ; 15.

Anna

  • 1968 Norske forfattere i krig og fred. Den norske forfatterforening Utgjeven til 75-års jubileet til Forfatterforeningen 15. november 1968. Skriven saman med Sigurd Evensmo.
  • 1972 Veien hjem : Fra hverdagslivets mentalhygiene.
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads