Alexandra av Frederiksborg

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Alexandra (fødd Alexandra Christina Manley, 30. juni 1964 i Hongkong) er den tidlegare kona til prins Joachim av Danmark. Dei vart gift 18. november 1995, tok ut separasjon 22. september 2004 og vart skilt 8. april 2005.

Kjappe fakta Fødd, Tittel ...

I samband med fødselsdagen til dronning Margrethe II av Danmark 16. april 2005 vart prinsesse Alexandra tildelt tittelen grevinne av Frederiksborg.

3. mars 2007 vart ho gift med den fleire år yngre Martin Jørgensen. Jørgensen er ein filmfotograf og har vore med på å lage programmar om den danske kongefamilien. Han har frå før ei dotter. Vigsla fann stad i Øster Egede kirke på Sydsjælland. Hennar to søner, prinsane Nikolai av Danmark og Felix av Danmark, var dei einaste frå kongefamilien som var til stades.

Ho er etter bryllaupet ikkje lenger medlem av det danske kongehuset, men held tittelen grevinne av Frederiksborg.

Remove ads

Namn og titlar

  • 1964–1995: Alexandra Christina Manley
  • 1995–2005: Prinsesse Alexandra Christina av Danmark
  • 2005–2007: Prinsesse Alexandra Christina av Danmark, grevinne av Frederiksborg
  • 2007– i dag: Grevinne Alexandra Christina av Frederiksborg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads