Alf og Alvilde
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Alf og Alvilde er eit par i det fantasirike historieverket Gesta Danorum frå 1100-talet. Alf var son av den danske kongen Sigar, som var av gautisk opphav. Alvilde var dotter til kong Sivard av Gøtland.


Som ung skal Alvilde ha vore særs ærbar, og rommet hennar blei vakta av ein drake og ein ein orm. Kongen gav også ordre om at dei som prøvde å koma seg forbi dyra og feila skulle halshoggast og hovudet deira setjast på stake. Alf kom til staden, og drap begge dyra. Som løn skulle han få Alvilde til kone, men kongen sa at ho berre kunne bli gift med han om ho valde det sjølv. Mor til Alvilde råda henne imot Alf, og Alvilde flykta, kledd i mannsklede, saman med fleire andre jenter. Ho blei så teken til høvding av ei gruppe vikingar.[1]
Alf og den skånske vennen hans Borgar leita i lag med dei danske krigarane sine etter Alvilde, og fann henne til slutt med flåten sin ved kysten av Sør-Finland. Etter ein kamp ombor på skipa blei hjelmen til Alfvilde slått av henne, og ho blei gjenkjend. Alf og Borgar gav mennene sine ordre om å slutte å slost, og Alf omfamna Alvilde i gled for å endeleg ha funne henne att. Ho bestemte seg då for å leggja av seg krigsdrakta si og følgja Alf til Danmark, der dei gifta seg.
Nokre år etter, i ein krig mot ein opprørsk dansk klan, blei både Alf og brørne hans og far deira kong Sigar drepne. Einast dottera til Alf og Alvilde, Gurid, hadde overlevd av den kongelege familien.[2] Etter å ha vore dronning i ei stund, gifta Gurid seg med Halvdan, ein av sønene til Borga. Dei fekk ein son som heitte Harald, som blei den nye kongen av Danmark.
Remove ads
Kontekst
Forteljinga i Gesta Danorum av Saxo Grammaticus[3] bygger på dei gamle folkesogene eller songane han samla for arbeidet sitt. Etter detaljane i soga skal hendingane ha føregått på 400-talet.
I kulturen
Det finst fleire seinare versjonar av historia i folkekulturen. Her blir Alfhild gjerne kalla Awilda. Andre stavemåtar er Alwilda, Alvilda, Alvild, Alvilde, Alfhilda, Avilda, Alvida, Altilda og Ælfhild.
Alvilde inspirerte tragedien Il Re Torrismondo av Torquato Tasso frå 1587, der den norske kongsdottera Alvida er ein av hovudpersonane.[4][5] Soga har òg inspirert italiensk opera: L'Amazzone Corsara, ovvero L'Alvilda, regina de Goti av Carlo Pallavicino frå 1686,[6] og Alvilda regina de' Goti av Antonio Vivaldi frå 1731.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads