Algiske språk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Algiske språk er ein familie av amerikanske urfolkspråk i Nord-Amerika som omfattar algonkinske språk og to små språk i det nordvestlege California, wiyot og yurok. Slektskapen mellom wiyot og yurok og dei algonkinske språket blei påvist av den amerikanske lingvisten Edward Sapir.[1] Den algiske språkfamilien har tre hovudgreiner:
- 1. Wiyot ✝
- 2. Yurok
- 3. Algonkinske språk
Då slektskapen mellom wiyot og yurok blei påvist, blei dei slegne i hop i ein familie med namnet ritwansk (engelsk Ritwan), men det viser seg at dei to språka ikkje står nærmare kvarandre enn kvart av dei står algonkinsk, så det finst ikkje noko grunnlag for å klassifisere dei saman som ritwansk.
Remove ads
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads