All Tomorrow's Parties

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«All Tomorrow's Parties» er ein song av The Velvet Underground, skriven av Lou Reed og gjeven ut på debutalbumet til gruppa i 1967, The Velvet Underground & Nico.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

I følgje Reed kom inspirasjonen til songen frå då Reed observerte Andy Warhol-klikken og han skildra forskjellige folk ved the Factory på denne tida. «Eg såg Andy. Eg såg Andy observere alle andre. Eg kunne høyre folk sei dei mest fantastiske ting, dei sprøaste ting, dei morosamaste ting, dei tristaste ting».[1] Songen vart favoritten til Andy Warhol av The Velvet Underground.[2]

Ei forkorta utgåve av songen vart gjeven ut som singel i juli 1966 med «I'll Be Your Mirror» som b-side. Songen er om lag halvparten så lang som albumversjonen. Songen nådde ikkje singellista.

Remove ads

Innspeling

Songen vart spelt inn i Scepter Studios i New York i april 1966. Han har eit pianomotiv spelt av John Cale, hovudsakleg basert på tonegrupper. Det var ein av dei første popsongane som nytta handsama piano.[3]

Nico syng solovokal.

Andre versjonar

Både Nico og Lou Reed har spelt inn soloversjonar av songen. Andre artistar som har spelt songen er mellom andre Jun Togawa, Apoptygma Berzerk, Ass Ponys, Buffalo Tom, Japan, Bauhaus, Jeff Buckley, Icehouse, Los Tres, The Method Actors, Nick Cave and the Bad Seeds[4], the Oysterband, Tom Robinson, Kikka Sirén, Simple Minds, Siouxsie and the Banshees, Rasputina, Kendra Smith, Bryan Ferry, June Tabor, Johnette Napolitano, Iron and Wine, Deerhoof, Hole, The Music Tapes, Ordo Rosarius Equilibrio og Black Tape for a Blue Girl.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads