Alpamayo
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Alpamayo, Allpamayu eller Shuyturahu er ein av dei tydlegaste fjelltoppane i Cordillera Blanca i Andesfjella i Peru. Det er kalla opp etter elva Allpamayu som spring ut nordvest for fjellet.
Fjellet er bratt (60º) og nesten heilt pyramideforma. Det er dekt av is og ein av fleire toppar som dannar massivet Pukarahu, det nordlegaste massivet i Cordillera Blanca. Sjølv om det er mindre enn mange av fjelltoppane i nærleiken, skil det seg ut med den uvanlege forma og venleiken. Det har i røynda to spisse tindar, ein nordleg og ein særleg, skild av ein smal egg.
I juli 1966 vart det trykt eit bilete i det tyske tidskriftet Alpinismus, av den amerikanske fotografen Leigh Ortenburger, i lag med ein artikkel om klatring og fotografar, og Alpamayo vart då valt ut som «det vakraste fjellet i verda».
Remove ads
Klatrehistorie og ruter
Dei mest populære rutene startar frå landsbyen Caraz, nord i Cordillera Blanca. Ein fransk-belgisk ekspedisjon, med George og Claude Kogan hevda å klatra til toppen i 1951. Etter å ha studert bileta i boka til George Kogan, The Ascent of Alpamayo, kom det tyske laget av G. Hauser, F. Knauss, B. Huhn & H. Wiedmann fram til at laget frå 1951 ikkje faktisk hadde nådd toppen, slik at tyskarane vart den første som nådde toppen i 1957 via nordryggen.
Den vanlegaste klatreruta, kalla Ferrari-ruta, går opp sørvestsida av fjellet. Denne opna i 1975 av ei gruppe italienske fjellklatrarar leia av Casimiro Ferrari. Det vert rekna som eit vanskeleg fjell å klatre og krev god teknikk med broddar og innan isklatring. Det finst òg fleire alternative ruter.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads