Alpha Condé
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Alpha Condé (fødd 4. mars 1938 i Boké i Guinée maritime) er ein guineansk politikar for Rassemblement du Peuple Guinéen som var president i Guinea frå desember 2010 til han blei styrta i eit statskupp i september 2021.
Remove ads
Liv og virke
Bakgrunn
Alpha Condé blei fødd i den franske kolonien Guinea av foreldre frå Øvre Volta (noverande Burkina Faso). Han flytta til Frankrike då han var femten år. Der var han ifølgje tilhengjarane sine aktiv i Den nasjonale unionen for høgare utdanning (SNESUP), Foreininga for guineanske studentar i Frankrike (AEGF), og Føderasjonen for svarte afrikanske studentar i Frankrike (FEANF). Han har hevda å ha vore eksekutivkoordinator for Afrikanske nasjonale grupper (NG) frå 1967 til 1975, med ansvar for oppsynet med direktoratet til FEANF.[1]
Condé hevda å ha skrive ei masteroppgåve i politologi, Le P.D.G. et le peuple de Guinée, i 1965.[2]
Politisk virke
I fleire tiår var Condé i opposisjon til dei vekslande regima i landet. Han stilte til val mot sitjande president Lansana Conté i presidentvala i 1993 og 1998.
President
I presidentvalet i Guinea i 2010 blei Condé vald til president i andre valomgang.[3]
Condé blei attvald i 2015 med 57,85 prosent av røystene, mot 31,44 prosent for rivalen Cellou Dalein Diallo.[4] Han gjekk då inn i sin andre presidentperiode, som var det grunnlova maksimalt tillet.
I mars 2020 blei det halde ei folkeavrøysting om grunnlovsendringar der endring av presidentperioden frå fem til seks år var blant forslaga, saman med nullstilling av avgrensinga på to samanhengjande presidentperiodar.[5] 89,76 prosent av veljarane støtta grunnlovsendringane.[6] Opposisjonen boikotta folkeavrøystinga. Det blei halde presidentval 18. oktober 2020, der Condé stilte på nytt. Han vann valet med 59,5 prosent av røystene og fekk dimed ein tredje presidentperiode.[7] Motkandidaten Cellou Dalein Diallo, som fekk 33,5 prosent av røystene, hevda valet var prega av valfusk. Det var uro med tap av menneskeliv i samband med presidentvalet.[7]
Den 5. september 2021 gjennomførte militæret eit statskupp mot styresmaktene i Guinea.[8][9] Båe president Condé og statsminister Ibrahima Kassory Fofana blei avsette.[10] Condé blei også fengsla.[11] Leiaren for kuppet, oberstløytnant Mamady Doumbouya, blei tatt i eid som fungerande president 1. oktober 2021.[12]
Den 9. desember 2022 publiserte det amerikanske finansdepartementet ei liste over meir enn førti personar som er målretta for sanksjonar for korrupsjonshandlingar og brot på menneskerettane, blant dei Alpha Condé.[13]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads