Altenburg
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads

Altenburg er ein by som ligg lengst aust i den tyske delstaten Thüringen, nær grensa til Sachsen og Sachsen-Anhalt.
Mellom historiske personar med tilknyting til Altenburg står i første rekkje keisar Fredrik Barbarossa. Han oppheldt seg ofte i byen og hadde stor innverknad på utviklinga der. Seinare var Altenburg residensby for hertugdømmet Sachsen-Altenburg.
Innbyggjartalet i byen låg på det høgaste i 1981, med ein folkesetnad på 55 827. Sidan då har tala på innbyggjarar vorte redusert med rundt ein tredel, til det i 2007 låg på 36 703. Byen har eit areal på 45,60 km².
Den regionale flyplassen Leipzig-Altenburg lufthamn ligg 5 km aust-søraust for Altenburg (og 42 km sør for Leipzig).
Remove ads
Oppfinningar
- Skat - Aust-Tyskt Kortspel
- Gumpert - Sportsbil
Bilete
- Rota Spitzen (dei raude spirane) er kjennemerket i byen
- Altenburg slott
- Rådhuset frå 1564
- Jernbanestasjonen frå 1878
- Flyplassterminalen
- Bru til øya med den zoologiske hagen
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads