Alzette
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Alzette (luxembourgsk Uelzecht, tysk Alzig) er ei elv med ei lengd på 73 km i Frankrike og Luxembourg. Ho er ei av sideelvane til Sûre frå høgre.
Ho har sitt utspring i Thil nær landsbyen Villerupt i departementet Meurthe-et-Moselle i Frankrike. Ho kryssar grensa til Luxembourg etter eit par kilometer. Ved Lameschmillen (nær Bergem) renn ho i hop med elva Mess. Ho renn vidare gjennom dei luxembourgske byane Esch-sur-Alzette, Luxembourg by og Mersch, og munnar ut i Sûre nær Ettelbruck.
Sûre er igjen ei av sideelvane til Mosel.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads