Amiens
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Amiens er ein by nord i Frankrike, 120 km nord for Paris. Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Somme og hovudstad i regionen Hauts-de-France. Byen har om lag 130 000 innbyggjarar.
Remove ads
Historie
Steinalderkulturen kalla Acheulean vart gjeve dette namnet fordi dei først vart identifisert i Saint-Acheul, ein forstad til Amiens. Under romarrtida var byen, då kalla Samarobriva, ein sentral busetnad for Ambiani, ei av dei største stammene i Gallia. Dei brukte myntar, sannsynlegvis frå Amiens, i det første hundreåret f.kr. I følgje segna var det ved byporten til Amiens at Martin av Tours, då han framleis var ein romersk soldat, delte kappa si med ein naken tiggar. St. Honoratus (d. 600 evt.) var den sjuande biskopen i byen.
Remove ads
Attraksjonar

Amiens katedral (ein verdsarvstad) er den høgaste av dei store «klassiske» gotiske kyrkjene på 1200-talet og den største av sitt slag i Frankrike. Etter at ein brann øydela den tidlegare katedralen, vart den nye katedralen påbyrja i 1220, og stod ferdig i 1247. Amiens katedral er kjend for den samanhengande planløysinga, dei tre vakre nivåa inne i kyrkja, skulpturane på fasaden og tverrskipet, og labyrinten og andre utskjeringar på golvet. Ho har vorte kalla «det gotiske svaret på Parthenon».
Remove ads
Bakgrunnsstoff

- Bilete og detaljar om Amiens katedral
- Bilete av Amiens
- Bilete av Amiens og Somme Arkivert 2007-05-09 ved Wayback Machine.
- Gamle postkort frå Amiens
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads