Ammoniakk
kjemisk sambinding From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ammoniakk (NH3) er ei uorganisk kjemisk sambinding. Stoffet er ein fargelaus gass med stikkande lukt ved romtemperatur. Han er giftig, sterkt basisk og derfor etsande gass som kan skada eller drepa dyr og plantar.
Remove ads
Bruk
Stoffet vert nytta som råstoff i produksjon av kunstgjødsel. Det kan òg brukast i eksplosiv og i polymerar. I dagleglivet er det likevel mest brukt i sterke reingjeringsmiddel, som salmiakk.
Førekomst
Små mengder ammoniakk i karbonatform, frå rotnande nitrogenhaldige dyre- og planterestar, finst i jordatmosfæren. Det finst ammoniakksalt i all fruktbar jord, i sjøvatn, og i dei fleste væsker som kjem frå plantar og dyr, særleg i urin.
Framstilling

Ammoniakk vert produsert etter Haber-Boschprosessen. Hydrogengass og nitrogengass reagerer med ein katalysator tilstades. Dette skjer ved høgt trykk og ein temperatur på 500 °C.
Reaksjonen er:
3H2 + N2 → 2NH3
Kjemi
Ammoniakk er ein base. Molekylet kan ta opp eit hydrogenion og danna ammoniumionet (NH4+). Dette inngår i ulike salt, som får namn på ammonium-. Ammoniumklorid (NH4Cl) er eit døme.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads