Nefud
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
An Nafud, Al-Nefud eller Nefud (arabisk صحراء النفود, ṣahrā' al-nefud) er ein ørken nordaust på Den arabiske halvøya i eit stort, ovalt søkk. Han er 290 km lang og 225 km brei, med eit areal på 103 600 km².[1]
Remove ads
Nafud er ein erg, kjend for brå, kraftige vindar, som har danna store bogeforma sanddyner. Sanden i Nafud er raud mursteinsfarga. Det regnar ein eller to gonger i året. I some lågtligagnde område, nemleg dei nær Hejazfjella, er det oasar der det vert dyrka dadlar, grønsaker, bygg og frukt. Nefud er knytt til Rub' al Khali via Dahna, ein korridor av grusete sletter og sanddyner, som strekkjer seg over 1000 km og er frå 25 til 80 km brei.
Før slaget ved Aqaba under det arabiske opprøret gjekk styrkar leia av Auda ibu Tayi til åtak på den tyrkisk-kontrollerte kystbyen Aqaba. Dette klarte dei ved å ta den lange ørkenvegen og passerte nær utkanten av Nafud. Oberst T. E. Lawrence bad Auda ibu Tayi om å la gruppa deira ta ein omveg inn i Nafud, men Auda nekta fordi han meinte det ikkje var naudsynt.[2] Under overfarten gjekk dei ikkje inn i Nafud, slik det vert vist i filmen Lawrence of Arabia.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads