Anatolij Firsov

From Wikipedia, the free encyclopedia

Anatolij Firsov
Remove ads

Anatolij Vasiljevitj Firsov (1. februar 194124. juli 2000) var ein russisk ishockeyspelar frå Moskva. Han var verdsmeister med Sovjetunionen åtte år i rad, 1964-71, og olympisk gullmedaljør i 1964, 1968 og 1972.

Kjappe fakta

Firsov var venstreveng i det sovjetiske ishockeylandslaget frå 1962 til 1972. Han spelte 166 kampar og skåra 134 mål for Sovjetunionen. Firsov toppa poengskåren i fire ulike verdsmeisterskap.

Frå 1958 til -61 spelte Firsov på Spartak Moskva. Sidan var han aktiv i 13 sesongar i CSKA Moskva, eit lag han vann ni sovjetmeisterskap med. Han la opp i 1974 etter 474 klubbkampar og 344 skåringar.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads