Anatolij Sjeljukhin
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Anatolij Ivanovitsj Sjeljukhin (6. april 1930–21. oktober 1995) var ein langrennar frå Kostroma i Russland som representerte Sovjetunionen. Han vann bronsemedaljen på 30 km under Ski-VM 1958 i Lahti og fekk ein stafett-bronse under Vinter-OL 1960.
Remove ads
Aktiv
Sjeljukin kom på fjerdeplass på 30 km under dei olympiske vinterleikane 1956 i Cortina d'Ampezzo, eitt sekund bak landsmannen Pavel Koltsjin som tok bronsen. På femmila i Cortina enda Sjeljukin på femteplassen.
Under verdsmeisterskapen 1958 i Lahti deltok Sjeljukihn i alle fire langrennstevlingane. Han tok bronsemedaljen på 15 km, slått av finske Veikko Hakulinen og landsmannen Koltsjin. Sidan fekk han ein sølvmedalje i 4 x 10 km stafett, saman med Fjodor Terentjev, Nikolaj Anikin og ankermann Koltsjin enda Sovjet sitt mannskap 29 sekundar bakom gullvinnar Sverige.
Sjeljukhin vann så ein olympisk bronsemedalje under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley. Han gjekk startetappen for det sovjetiske stafettlaget som kom på tredjeplass på 4 x 10 km bak Finland og Noreg, dei andre på laget var Gennadij Vaganov, Aleksej Kuznetsov og Nikolaj Anikin.
Remove ads
Kjelder
- Sportsboken, aktuelle årgangar.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads