Anders Daae (1680–1763)

norsk prest From Wikipedia, the free encyclopedia

Anders Daae (1680–1763)
Remove ads

Anders Daae (fødd 20. desember 1680 i Trondheim, død 18. mai 1763) var ein norsk prest og godseigar.[1] Han var prost og sokneprest i Vik i Sogn (eit embete han hadde i over 50 år). Kallet i Vik skal han ha fått ved ei vitjing på det kongelege slott i København og med hjelp av prinsesse Sophie Hedevig. Han skal i følgje Lampe ha opparbeida ei formue på 40000 riksdalar hovudsakleg i fast eigedom. Han åtte kyrkjene i prestegjelda Vik og Lærdal med «Jordegods og Tiender samt flere andre i baade Ytre og Indre Sogn». Daae vart rekna som den rikaste mannen i Sogn i si tid.[2] Berre to år etter lov om ålmenskule oppretta Daae som ein av dei første i landet fast skule i Vik.[3]

Kjappe fakta
Thumb
Den gamle Hove kyrkje i Vik.

Anders Daae var gift med Birgitte Ludvigsdatter Munhte (1686–1770). Birgitte var dotter av Ludvig Christophersen Munthe (1657–1708), den førre presten i Vik, via oldefaren biskop Ludvig Munthe var ho også tremenning av Ludvig Holberg. Mor til Birgitte var Karen Leganger, dotter av Iver Leganger, og Birgitte arva mykje av godset etter bestefaren.[2] Ei tid hadde Daae to av sønene sine samstundes som «personelle kapellaner» i Vik.[4]

Anders Daae og Birgitte Munthe gav opphav til ei av største embetsmannsættene på Vestlandet,[1] sjå Daae. Sonen Ludvig Daae (1723–1786) var sokneprest i Lindås og eigar av jordegods og kyrkjer som faren.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads