Anders Reitan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Anders Jonsen Reitan (18. juni 1860–9. februar 1941) var ein norsk lærar og lokalhistorikar
Reitan var fødd i Ålen i Sør-Trøndelag fylke. Han var bror av dialektgranskaren Jørgen Reitan, brorson av diktar og stortingsmann Anders Jørgensen Reitan. Vinteren 1878-1879 gjekk han på Vonheim folkehøgskole og deretter på Klæbu seminar. Dei første åra som lærar i heimbygda vikarierte Reitan for far sin, Jon Jørgensen Reitan (1822-1903), som då sat på Stortinget og i Riksretten 1883-84. Han fekk lærarposten etter far sin, og var lærar i den barneskolen han sjølv hadde gått til han slutta som lærar i 1929.
Resten av levetida arbeidde Reitan med bygdeboka Ålen. Ho kom i første opplag i 1936, har seinare vore verdsett som hovudkjelda for kunnskap om rørosregionen i eldre tid. Mange har uttrykt si takksemd, ikkje minst forfattaren Johan Falkberget.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads