Anders Todal

norsk lærar, V-politikar og skoledirektør From Wikipedia, the free encyclopedia

Anders Todal
Remove ads

Anders Arnson Todal (fødd 18. mars 1883 i Valsøyfjord i Møre og Romsdal, død 6. mars 1956) var ein norsk lærar, skuledirektør, Venstre-politikar og mållagsleiar.

Sjå òg «Anders Todal Jenssen» og «Per Anders Todal».
Kjappe fakta Fødd, Død ...

Han var elev ved ulike lærarkurs i norsk, pedagogikk og gymnastikk, og elev ved Nordmøre amtsskule (1900–1901), før han tok eksamen ved Levanger lærarskule i 1904. Han arbeidde som lærar i Åsen frå 1905 til 1933, og ved Skogn folkehøgskole i 1915–1916. Han var klokkar i Åsen kyrkje frå 1918, og kjøpte garden Vatn i Åsen frå svigerfaren i 1930. Todal var konstituert skuledirektør i Nidaros bispedømme frå 1933 til 1942 og 1945 til 1953. Han var styremedlem i Norsk Lærarlag frå 1917 til 1933, styremedlem i Noregs Ungdomslag frå 1917 til 1921 og formann i Noregs Mållag frå 1932 til 1936.

Todal var medlem av Åsen heradsstyre frå 1910 til 1945. Han var varaordførar i kommunen i perioden 1913–1919 og ordførar i periodane 1919–1922 og 1925–1931. Han var formann i Nord-Trøndelag Venstrelag i åra 1931–1945. Todal var innvald på Stortinget frå Nord-Trøndelag frå 1931 til 1933, og der var han medlem av Stortingets kyrkje- og skulekomité.

Under den andre verdskrigen vart Todal arrestert 9. oktober 1942, og sat fengsla på Misjonshotellet i Trondheim fram til 13. oktober, i Lofjorden i Åsen fram til 11. november, på Vollan 12.–19. november, og på Falstad 20. november 1942–22. februar 1943.

Anders Todal vart tildelt Kongens fortenestmedalje i gull.

Fetteren Anders Andersson Todal (1884-1963) var og lærar, og endte som statsarkivar i Trondheim 1934-1954.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads