Andesrikse

fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia

Andesrikse
Remove ads

Andesrikse (Rallus semiplumbeus) er ei rikse som er endemisk for Colombia. Ho har utbreiing i páramo-myrer, savannar og våtmarker i departementa Cundinamarca og Boyacá i austlege Andes, ikkje langt frå Bogotá.

Kjappe fakta

Dette er ein lita til mellomstor rikse, 25–30 cm i lengd, som er skifergrå frå sidene av andletet og bakover til buken. Halsen og brystet er òg i bleikgrått. Bakre del av flankene er svart med noe irregulære, kontrastrike, kvite tverstriper. Oversida er olivenbrun til raudbrun. Beina og nebbet har avdempa raudfarge.

Thumb
Frå Páramo de Sumapaz, Bogotá D.C
Foto: Neil Orlando Diaz Martinez

Dei beitar gjerne i vassige habitat, så dietten er variert og sett saman av virvellause dyr, blautdyr og insekt, makk, rumpetroll, og froskar. Dei kan òg ta plantemateriale. Normalt har dei habitatet i høgder frå 2500 moh. opp til 4000 moh., i utbreiingsområdet er dette både páramo-myrer og savannar.

Andesrikse er venteleg monogame og dannar territorium. Forplantingsbiologien er ikkje kjent.

Denne riksearten har ein estimert populasjon på totalt 1500-3750 og er minkande. Han er klassifisert som sterkt truga (EN) fordi utbreiiingsområdet ikkje er større enn 730 km2 og habitatet framleis blir innskrenka og utarma.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads