Andor Hoel
norsk politikar og forsikringsmann From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ole Andor Hoel (13. desember 1867–14. juli 1941) var ein norsk skulemann og forsikringsmatematikar, fødd i Nes i Akershus. Han representerte Frisinna Venstre på Stortinget i perioden 1919-21.
Hoel var son til ein jarnbanemann og seinare fattigforstandar i Kristiania. Sjølv vart han student i 1884 og tok cand.real.-eksamen i 1892. Frå 1892 til -98 underviste han ved Hambros skole i Bergen. Deretter var han overlærar 1898-1905 ved Bergens tekniske skule, og direktør 1905-08 i same institusjonen. Frå 1908 var han direktør ved Bergen kommune si pensjonskasse.
Hoel var varamann til Stortinget 1910-15 frå Nygård-krinsen i Bergen. Han var elles i 1911-12 formann i den departementale komiteen som såg på undervisninga i dei tekniske skulane.
I valperioden 1919-21 representerte Hoel valkrinsen Sandviken på Stortinget, der han var medlem i Kyrkje- og skulekomiteen.
Remove ads
Kjelder
- snl
- Stortingsbiografi Arkivert 2016-09-18 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads