Andreapol

by i Russland From Wikipedia, the free encyclopedia

Andreapol
Remove ads

Andreapol (russisk Андреа́поль) er ein by i Tver oblast i Russland med om lag 7 000 innbyggjarar. Han ligg i Valdajhøgdene, ved den øvre delen av elva Daugava, 220 km vest for Tver.

Kjappe fakta Land, Føderasjonssubjekt ...
Remove ads

Historie

Landsbyen Dubna like ved Andreapol vart først nemnt i skriftlege kjelder i 1489. Byen sjølv går tilbake til 1907, då det vart bygd ei jernbanelinje til området, og ein jernbanestasjon opna. Under andre verdskrigen vart distriktet og stasjonen okkupert av tyske styrkar (hausten 1941 – vinteren 1942). Andreapol fekk bystatus i 1967.

Økonomi og næringsliv

Andreapol ligg i eit område med mykje skog. Tømmerindustrien er derfor dominerande i byen, med mellom anna eit stort sagbruk. Byen har òg ein stor jordbruksretta verksemd, samt produksjon av porselen.

Tre kilometer aust for byen ligg Andreapol flybase, ein viktig jagerflybase for forsvaret av Moskva.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads