Andreas Berg
norsk politikar, bankier og advokat From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Andreas Berg (4. oktober 1861–29. juni 1944) var ein norsk jurist, banksjef og Høgre-politikar. Han var i til saman seks år ordførar i Trondheim, og 1903-06 stortingsmann for Trondheim og Levanger.
Far til Berg var kasserar Noregs Bank i Trondheim. Etter å ha gått katedralskulen i heimbyen, studerte han til cand.jur. i 1883. Dei neste to åra var han fullmektig hos byfuten i Fredrikstad, deretter overrettssakførar i heimbyen. I 1901 fekk han jobben som sjef ved Den Nordenfjeldske kreditbanken i Trondheim, ein posisjon han hadde til 1926.
Berg var frå 1897 medlem i bystyret i Trondheim, ordførar 1899-1901 og 1908-10. Han hadde elles mange tillitsverv, frå 1902 formann i tilsynskommisjonen for jarnbanen Trondheim-Tynset. 1903-06 representerte han valkrinsen Trondheim og Levanger i Stortinget, vald for Samlingspartiet. Han var permittert i 1904 frå 2. november til 3. desember, og i 1906 frå 15. januar. Berg hadde sete i Lagtinget og var medlem i Konstitusjonkomiteen. Han var også med i spesialkomiteen for konsulatsaka.
Remove ads
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads