Andreas Cappelen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Andreas Cappelen
Remove ads

Andreas Zeier Cappelen (31. januar 19152. september 2008) var ein norsk politikar og jurist. Cappelen var statsråd i til saman nesten ti år.

Kjappe fakta

Han vart statsråd for fyrste gong i 1958 då han vart kommunalminister i Regjeringa Gerhardsen III. 4. februar 1963 overtok han som finansminister og sat fram til regjeringa vart felt på Kings Bay-saka i 1963. Nokre veker seinare vart han på nytt finansminister i Einar Gerhardsen si fjerde regjering, ein post han hadde fram til 1965. Då Trygve Bratteli tok over som statsminister i 1971 etter Regjeringa Borten si oppløysing vart Cappelen utnemnd til utanriksminister. Han hadde denne posten fram til Folkeavrøystinga om EF i 1972. Cappelen kom attende og var justisminister i Odvar Nordli si regjering frå 1979 til 1980.

Remove ads

Yrkeskarriere

Andreas Cappelen hadde også ei lang yrkeskarriere som jurist. Blant anna var han statsadvokat for landssviksaker i Rogaland i tida 1947 - 1949. I 1967 vart han byrettsdommar i Stavanger, der han også vart byrettsjustitiarius i 1969.

Andreas Cappelen døydde den 2. september 2008 i Stavanger.

Medlemskap i regjering

Kjelder

  • Lambrecht Haugen: Cappelen-slekten 1627-2008, Rosendal 2008
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads