Andreas Lavik
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Andreas Johannesson Lavik (18. august 1854–18. desember 1918) var ein norsk gardbrukar, ferdatalar og stortingsmann frå Eksingedalen i dagens Vaksdal kommune. Andres, Johannes og Dore Lavik var brørne hans.
Lavik gjekk i yngre på folkehøgskule. Åra 1878-85 arbeidde han som indremisjonær i Bergen. Deretter var han gardbrukar i Kvinnherad fram til 1899. Under opphaldet i Kvinnherad var han ordførar 1886-94, og forlikskommissær. I 1899 flytta Lavik til Bergen og var sidan sekretær for Vestlandske Indremisjon og redaktør av medlemsorganet Sambåndet.
Lavik var 3. representant frå Søndre Bergenhus på Stortinget 1889-91, vald for Moderate Venstre. Han var medlem av tollkomiteen. Nesten heile 1890-sesjonen var han permittert grunna sjukdom. I 1908 vart han medlem av kyrkjekommisjonen.
Han døydde i Bergen.
Remove ads
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads