Andrus Kivirähk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Andrus Kivirähk
Remove ads

Andrus Kivirähk (fødd 17. august 1970 i Tallinn) er ein estisk forfattar som i tillegg til å skrive romanar, også har skrive skodespel og manuskript for film. Han har utdanning som journalist frå Universitetet i Tartu 1988–1993 og er journalist i ei estisk avis. Sidan 1996 har han vore medlem av Den estiske forfattarforeininga. Han er gift med journalisten Ilona Martson og paret har to born.

Kjappe fakta
Remove ads

Prisar

  • 1995: Oskar Luts-prisen
  • 1995: Den estiske kulturkapitalen sin årspris
  • 2000: Den estiske kulturkapitalen sin årspris
  • 2001: Virumaa sin litteraturpris
  • 2004: Anton Hansen Tammsaare-litteraturprisen

Bibliografi

Kivirähk er ein produktiv forfattar og har gjeve ut tre romanar, tre bind med forteljingar, seks bind med humoreskar, fire barnebøker og 20 skodespel samla i tre bind. Berre eitt av verka er til no omsette til norsk:

  • Rehepapp ehk november 2000, omsett av Turid Farbregd: Trollskap i november 2004

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads