Ane Dahl Torp

norsk skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Ane Dahl Torp
Remove ads

Ane Dahl Torp (fødd 1. august 1975) er ein norsk skodespelar frå Bærum. Ho har jobba både ved Teatret vårt i Molde og Det Norske Teatret, men har sidan blitt meir kjent som filmskodespelar. Vinteren 2006 var ho aktuell i den kvinnelege hovudrolla i Gymnaslærer Pedersen, ein film basert på ein roman av Dag Solstad.

Ho er dotter til språkvitaren og lingvistikkprofessoren Arne Torp.

Remove ads

Utmerkingar

  • I 2004 vann ho Amandaprisen (beste kvinnelege hovudrolle for rolla si i TV-serien Svarte penger, hvite løgner) og
  • Ho fekk Folkets filmpris i 2004.
  • I 2006 vann ho igjen Amandaprisen for beste kvinnelege hovudrolle i Gymnaslærer Pedersen.
  • I 2006 vart ho utvald som norsk «Shooting Star» for presentasjon under filmfestivalen i Berlin.
  • I 2008 vann ho Amandaprisen for beste kvinnelege birolle i Lønsj.
  • Lesarane i bladet Mann røysta henne fram til tittelen «Noregs mest sexy kvinne» i 2004.
  • Same året kåra Elle henne til «Årets kvinne».
  • I 2012 vann Ane Dahl Torp Hedda-prisen for beste kvinnelege hovudrolle for Shen Te i «Det gode menneske fra Sezuan» av Bertolt Brecht.
Remove ads

Store roller

Filmar

  • Lønsj (2008)
  • Uro (2006)
  • Gymnaslærer Pedersen (2006)
  • Ikke naken (2004)
  • Kvinnen i mitt liv (2003)

TV-seriar

  • Svarte penger, hvite løgner (2004)
  • Kodenavn: Hunter (2006 og 2008)

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads