Angkor Vat

From Wikipedia, the free encyclopedia

Angkor Vat
Remove ads

Angkor Vat (khmer 'tempelet i Angkor') er det mest kjende tempelet i ruinbyen Angkor i det nordlege Kambodsja, og det einaste tempelet på staden som har vore ein viktig religiøs samlingsstad sidan det blei bygd. Angkor Vat er eit typisk døme på klassisk khmer-arkitektur, som blir kalla Angkor Vat-stilen. Saman med resten av Angkor blei det sett på UNESCO-lista over verdas kulturarv i 1992.

Thumb
Buddhistmunkar ved tempelet.
Kjappe fakta Stil, Angkor Vat 13.4125°N 103.86666666667°E / ...
Thumb
Angkor Vat i 1886.
Remove ads

Historie

Tempelkomplekset blei bygd av kong Suryavarman 2. (1113–1150) som ein hinduisk heilagdom for guden Visjnu. På 1300- eller 1400-talet blei tempelet gjort om til ein theravada-buddhistisk heilagdom, noko det meir eller mindre fortsette å vere heilt fram til i dag, sjølv om resten av Angkor blei fråflytta på 1500-talet.

Tempelbygningen

Tempeleområdet er omkransa av ei vollgrav og ein yttermur. Hovudbygningen inneheld galleri med steinrelieff rundt dei indre gardane, der det er basseng (utan vatn), og den sentrale bygningen, der dei fem tårna står. Hovudinngangen er frå vest, og dit kjem ein via ei lang bru over vollgrava til hovudporten i yttermuren.

Tempelet skulle vere ei framstilling av det hinduiske universet. Det midtre tårnet var det heilage fjellet Meru, yttermurane var berga som omkranser verda, og vollgrava havet utanfor desse igjen.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Angkor Vat


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads