Ankh

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ankh
Remove ads

Ankh eller hankekross (, egyptisk ʿnḫ), er ein hieroglyf og eit symbol frå det gamle Egypt som tyder 'liv'. Ein finn ofte symbolet i framstillingar av gudar og faraoar, i smykke og i namn som Tut-ankh-amon.

Thumb
Ankh held opp solskiva. Illustrasjon frå den egyptiske daudeboka.

Symbolet er truleg avleidd frå reima på ein sandal, som blei skriven «nkh» på gammalegyptisk, der ein berre skreiv ned konsonantane.

Thumb
Koptisk bruk av ankh og kross.

Den koptiske kyrkja brukte ankh som kristenkross eller saman med ein annan kross.

Remove ads

Ankh i moderne tid

Thumb
Symbol frå grava til farao Thutmose IV.
Thumb
Namnet til Ramses II med ankh på begge sider over ei dør i Karnak.

Ankh er blitt brukt som symbol i moderne tid av nokre nyheidningar og som pynt eller symbol av grupper som hippiar og gothar, gjort kjend av musikkartistar som Kiss, Elvis og Earth, Wind and Fire.

Det går også att i populærkultur, mellom anna i elva Ankh og bystaten Ankh-Morpork i det humoristiske fantasiuniverset skapt av Terry Pratchett, i ei rekkje filmar og fjernsynsseriar, som Stargate, Logan's Run og Lost, i teikneseriar som Sandman og Doctor Fate, og video- eller dataspel som Tomb Raider, World of Warcraft og Ankh.

Remove ads

Sjå òg

  • Venus-symbolet,

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads