Anna Rogstad
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Anna Georgine Rogstad (26. juli 1854–8. november 1938) var den første kvinna som tok sete i Stortinget, den 17. mars 1911. Rogstad var ein norsk lærar, kvinnesakskvinne og politikar for Frisinnede Venstre frå Veisten i Nordre Land.
Remove ads
Bakgrunn
Anna Rogstad vart lærarinne i Kristiania i 1877, og i 1889 vart ho leiar i Kristiania Lærerinneforening, eit verv ho hadde i 32 år. Ho endra foreininga frå å vere ein selskapeleg samskipnad til ein fagorganisasjon. Då Norges Lærerinneforbund, ein landsorganisasjon for folkeskolelærarar, vart danna i 1912, var Rogstad leiar fram til 1919. Ho ville betre utdanninga for jenter og starta i 1900 ein framhandsskule for jenter attåt folkeskulen. Skulen vart populær, og Kristiania kommune overtok han i 1909. Anna Rogstad heldt fram som styrar til ho gjekk av med pensjon i 1923.
Anna Rogstad var med å skipa Norsk Kvindesagsforening i 1884 og Kvindestemmeretsforeningen i 1885. Ho var nestleiar for Kvindestemmeretsforeningen i 1885-97 og 1902-13.
I Kristiania representerte Rogstad lærarinnene i skulestyret frå 1894 til 1916. Ho vart vararepresentant til bystyret for Kvindestemmeretsforeningen i 1901, representant til bystyret på ei fellesliste av Høire, Den liberale vælgerforening og Næringspartiet i 1907 og vararepresentant til bystyret for Frisinnede Venstre i 1910.
Rogstad var 1. vararepresentant til Stortinget frå 1910 til 1912. Ho representerte Frisinnede Venstre på et fellesliste med Høire, der Høire-mannen Jens Bratlie stod øvst. Anna Rogstad møtte som første kvinne på Stortinget 17. mars 1911. Ho møtte i kortare periodar i 1911, og da Jens Bratlie vart statsminister i februar 1912, møtte ho så lenge regjeringa sat, til januar 1913. Ho var ein aktiv representant som engasjerte seg i ei rekkje saker, frå forsvar og utdanning til kultur og likestilling.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Anna Georgine Rogstad» frå Wikipedia på bokmål, den 22. januar 2011.
- Anna Rogstad frå Norsk biografisk leksikon
Bakgrunnsstoff
- Agerholt, Anna Caspari (1973) Den norske kvinnebevegelseshistorie. Oslo: Gyldendal.
- Hagemann, Gro (1992) Skolefolk. Lærernes historie i Norge. Oslo: Gyldendal.
- Moksnes, Aslaug (1984) Likestilling eller særstilling? Norsk Kvinnesaksforening 1884-1913. Oslo: Gyldendal.
- Norges officielle statistik V.128 (1910) Stortingsvalget 1909. Kristiania: i kommission hos H. Aschehoug & Co.
- Nylænde, Norsk Kvinnesaksforenings blad, 1889-1923.
- Stortinget og Statsraadet 1814-1915 (1915). Kristiania: Steen'ske Bogtrykkeri.
- Anna Rogstad i Stortinget.
- Anna Rogstad Arkivert 2014-03-05 ved Wayback Machine. i Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads