Anne Bancroft

From Wikipedia, the free encyclopedia

Anne Bancroft
Remove ads

Anna Maria Louisa Italiano, kjend som Anne Bancroft, (17. september 19316. juni 2005) var ein amerikansk skodespelar. Ho vart fødd i Bronx i New York. Etter fleire TV-opptredenr under namnet Anne Marno vart ho beden om å endra familienamnet til spelefilmdebuten i Farlig kvinne i 1952.

I 1958 spelte Bancroft mot Henry Fonda i Broadway-oppsetninga av Two for the Seesaw, ei rolle ho vann ein Tony Award for.

Andre store roller hadde Bancroft i Halvveis til lykken (opph. The Pumpkin Eater), 7 kvinner (opph. 7 Women) og Manndomsprøven (opph. The Graduate), der ho spelte Mrs. Robinson mot Dustin Hoffman i rolla som Benjamin Braddock.

I 1964 gifta Bancroft seg med Mel Brooks, og dei vart verande gifte fram til ho døydde. Saman fekk dei ein son, Maximillian.

Bancroft var nominert til Oscar for beste kvinnelege hovudrolle fem gonger, og vann i 1963 prisen for rolletolkinga si i The Miracle Worker. Ho har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Remove ads

Filmografi (utval)

  • 1952 – Farlig kvinne
  • 1954 – Demetrius and the Gladiators
  • 1957 – The Girl in Black Stockings
  • 1967 – Manndomsprøven
  • 1972 – Den unge eventyrer
  • 1976 – Lipstick
  • 1976 – Silent Movie
  • 1980 – Elefantmannen
  • 1983 – To Be or Not to Be
  • 1993 – Under kniven
  • 1997 – G.I. Jane

Kjelder

Bakgrunsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads