Anomurar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Anomurar (Anomura) er ein infraorden tifotkreps som omfattar ei rekkje vidt ulike krepsdyr i mange ulike habitat. I norske farvatn er dei representert med fire familiar: Eremittkreps, trollkrabbar, trollhummarar og porselenskrabbar.
Remove ads
Kjenneteikn
Anomurar har, som alle andre tifotkreps, ti gangbein. Det siste av desse er derimot ofte gøymd under ryggskjoldet, inne i gjellekammeret der det vert nytta til å halda gjellene reine. Dette trekket skil dei frå ekte krabbar, som har ti velutvikla gangbein som alle vert nytta til å gå med.
Systematikk
Anomurane vert delt inn i fire overfamiliar:
- Galatheoidea
- Galatheidae (trollhummarar)
- Chirostylidae
- Porcellanidae (porselenskrabbar)
- Aeglidae (ei lita gruppe ferskvassanomurar frå Sør-Amerika)
- Kiwaidae (Kiwa hirsuta, ein nyoppdaga art som stundom vert kalla «pelshummar»)
- Hippoidea
- Hippidae
- Albuneidae
- Blepharipodidae
- Lomisoidea
- Lomisidae (Lomis hirta)
- Paguroidea
- Coenobitidae
- Diogenidae
- Lithodidae (trollkrabbar)
- Paguridae (eremittkreps)
- Parapaguridae
- Parapylochelidae
- Pylochelidae
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads