Ansel Adams
amerikansk fotograf, pianist og skribent From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ansel Adams (20. februar 1902–22. april 1984) var ein fotograf frå Sambandsstatane. Han er kjend som ein av dei fremste naturfotografane i verda. Han utvikla sonesystemet, som er ein metode for å få god kontroll med eksponering og framkalling. Han har hatt stor innflytnad både som fotograf og i arbeidet med å få fotografi akseptert som kunstform. Han gav ut fleire bøker, mellom anna The High Sierra i 1927 og Illustrated Guide to Yosemite Valley i 1940.

Adams er kjend for svart-kvitt-bilete av villmarka i dei vestlege delane av Sambandsstatane. Han fekk mellom anna i oppdrag frå innanriksdepartementet å fotografera frå nasjonalparkane. Bileta til Adams er prega av fototeknisk dugleik og stor interesse for lyset sin verknad på biletet. Sonesystemet brukte han til å dela inn lyssjatteringane til motivet i ti sonar, frå svart til kvitt. Dette gjorde at han kunne visualisera gråtonane i det endelege fotografiet særs nøyaktig. Kontrollen han oppnådde med dette systemet gjorde at han kunne fanga inn fine endringar i lys og tone, slik at når han tok nye bilete av nett det same motivet, kunne resultatet verta heilt annleis.
I 1932 skipa Adams gruppa f/64 saman med mellom anna Edward Weston. Målet til denne gruppa var å gje ei mest mogleg naturtru bilete av den verkelege verda. Seinare utvikla Adams og dei andre medlemane seg i meir subjektive retningar.
Remove ads
Kjelder
- «Ansel_Adams» i Store norske leksikon, snl.no.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads