Anser

slekt av andefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Anser
Remove ads

Anser er ei biologisk slekt av åtte artar «grå gjæser», vassfuglar i andefamilien Anatidae. Slekta har ein holarktisk distribusjon, med minst éin art hekkar i eit ope, vått habitat i subarktiske og kjølige tempererte strøk på den nordlege halvkula om sommaren. Nokre hekkar òg vidare sørover, og inn i varme tempererte regionar. De fleste trekkjer sørover om vinteren, vanlegvis til regionane i den tempererte sona.

Kjappe fakta

Artane i slekta varierer i storleik frå den største, sædgås, på opptil 88 cm, og den minste, dverggås, på 54 til 66 cm. Alle har bein og føter som er rosa eller oransje, og nebb som er rosa, oransje eller svart. Alle har kvite under og øvre haledekkfjører, og fleire har ei viss grad av kvitt på hovudet. Halsen, kroppen og vengene er grå eller brune, med svarte eller gråsvarte handsvingfjører og ofte òg armsvingfjører. Dei nært nærskylde gjæsene i slekta Branta er ulike ved å ha svarte bein, og generelt mørkare fjørdrakt.

Remove ads

Artslista

Anser i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

Meir informasjon Namn, Vitskapleg namn ...
Utbreiing i Noreg

Svanegås har hatt to observasjonar i Noreg fra og med år 2000 til og med 2015. Stripegås har blitt observert meir enn 1000 gongar etter tusenårsskiftet.[12] Kortnebbgås hekkar på Svalbard og passerer Fastlands-Noreg under trekket. Sædgås, dverggås og grågås er hekkefuglar i Fastlands-Noreg.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads