Jeff Cotton
amerikansk musikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jeffrey Ralph Cotton (fødd 31. mai 1948) er ein USA-amerikansk rockegitarist, kjend som medlem av Captain Beefheart and the Magic Band.[1] Cotton vart først kjend som gitarist i lag med Merrell and the Exiles, som hadde eit par lokale hittar i 1964 i Los Angeles-området. Han vart så med i Blues in a Bottle, med dei andre framtidige Magic-medlemmane Mark Boston, Bill Harkleroad og John French. Han vart henta inn i The Magic Band i 1967 som erstattar for Ry Cooder.
Cotton spelte slidegitar på konertane deira, og på albuma Strictly Personal, Mirror Man og Trout Mask Replica. For dette fekk han scenenamnet Antennae Jimmy Semens.Han slutta i The Magic Band i 1970 etter å ha blitt angripen av den midlertidige trommeslagaren Jeff Bruschell under ein «gruppesamtale» og braut eit ribbein, men dette var truleg berre dropen i begeret, sidan han hadde opplevd åtte månadar med øvingar for Trout Mask Replica der Beefheart eksperimenterte på gruppa med å ta frå dei søvn, mat og utøve fysisk vald for å bryte ned den mentale tilstanden deira. I 1971 gjekk han inn i bandet MU, som han spelte inn nokre album med.
Remove ads
Diskografi
med Captain Beefheart & His Magic Band
- Strictly Personal (1968)
- Trout Mask Replica (1969)
- Mirror Man (1967, gjeve ut 1971)
med MU
- MU (1971)
- The Last Album (1974, gjeve ut 1981)
- Children of the Rainbow (1974, gjeve ut 1985)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads