Antonín Dvořák

From Wikipedia, the free encyclopedia

Antonín Dvořák
Remove ads

Antonín Dvořák[a] (8. september 18411. mai 1904) var ein tsjekkisk komponist fødd i Nelahozeves ved Praha. Han er nok mest kjend for sine Slaviske dansar og for den siste av sine ni symfoniar, «Frå den nye verda» 1893. Men han komponerte stort sett i alle sjangrar og skapte meisterverk i fleire av dei. Han er til dømes den kanskje viktigaste komponisten av strykekvartettar mellom Franz Schubert og Béla Bartók.

Thumb
Huset der Antonín Dvořák blei fødd.

Dvořák er kanskje den komponisten som har lukkast best i å integrere folkemusikk i klassisk musikk, og blir derfor rekna som ein svært viktig nasjonalromantikar.

I 1859 tok han organisteksamen, og blei etter det tilsett som bratsjist ved nasjonalteateret i Praha. Der var han til 1873. Han fekk i 1875 eit stipend som gjorde at han kunne bruke meir tid på å vere komponist. Seinare hadde han arbeid som dirigent og kunstnarisk leiar i både London og New York, før han kom tilbake til Praha.

Remove ads

Merknadar

  1. Namneuttale [ˈantɔnjiːn ˈdvɔrʒaːk].

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Antonín Dvořák
Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Antonín Dvořák
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads