Aortaklaff

lommeklaff i hjartet mellom venstre hjartekammer og aorta From Wikipedia, the free encyclopedia

Aortaklaff
Remove ads

Aortaklaffen er ein hjarteklaff og sit i utløpet frå venstre hjartekammer og i starten av livpulsåra (aorta). Han slepper blodet frå hjarte og ut systemkretsløpet når hjarte trekkjer seg saman (systolen). Når hjarte på nytt blir fylt (diastolen) hindrar klaffen blodet i å renne attende.

Thumb
Tverrsnitt av hjartet, mellom framkammera og hjartekammera. Aortaklaffen ligg midt i hjartet med pulmonalklaffen framfor til venstre. Ein kan sjå høgre og venstre kransarterie.(Frå Gray's Anatomy)
Thumb
Eit lengdesnitt frå venstre hjartekammer, gjennom aortaklaffen og ut i aorta. Klaffen er bretta open og biletet viser dei tre lommene i klaffen. (Frå Gray's Anatomy)

Aortaklaffen har ei sirkelforma grunnflate. Han har tre kuspar (frå latin cuspis, brodd) eller lommer, som opnar når trykket i venstre hjartekammer stig. Når trykket søkk, snur blodstraumen og lommene blir fylt med blod og klaffen lukkar. Han liknar derfor på veneklaffane.

Nedst på livpulsåra, bak kuspane, er det ei utviding kalla sinus Valsalva kor ein finn avgangen av kranspulsårene. Sinus Valsalva gjer at kuspane ikkje legg seg heilt inn mot åreveggen og at blodstraumen ut i kranspulsårene ikkje blir avbroten.

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads