Aranjuez

From Wikipedia, the free encyclopedia

Aranjuez
Remove ads

Aranjuez er ein by sør i Regionen Madrid i Spania. Han ligg der elvane Tajo og Jarama renn saman, og har kring 65 000 innbyggjarar. Byen ligg 48,8 km sør for alle spanske vegars nullpunkt, Puerta del Sol i Madrid, og 45 km frå sentrum av Toledo.

Kjappe fakta Land, Region ...

Aranjuez er kjend for Palacio Real de Aranjuez, eit av dei gamle kongepalassa med store hagar. Tajodalen har hatt omfattande jordbruk sidan mellomalderen og jordbæra frå Aranjuez er kjende gjennom heile Spania.

Den spanske komponisten Joaquín Rodrigos (1901–1999) mest kjende verk, Concierto de Aranjuez, vart skrive dels i inspirasjon over hagen til det kongelege palasset i Aranjuez.

Remove ads

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads