Are Frode Søholt

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Are Frode Søholt (4. oktober 197418. januar 2012)[1][2] var ein norsk songar og forfattar frå Gloppen.

Kjappe fakta

Søholt var utdanna cand.philol. frå Griegakademiet ved Universitetet i Bergen, og hadde arbeidd som prosjektleiar for Tromsø Symfoniorkester, konsulent for Den Norske Opera, prosjektkoodinator for Grieg 07, dagleg leiar for Norsk Barokkorkester og prosjektkoordinator for Norcode før han vart dagleg leiar for kulturhuset Trivselshagen heime i Gloppen. Han var også festivalsjef for Gloppen Musikkfest frå 2003 til han døydde.[3]

Som songar medverka han ved mange kyrkjemusikalske oppsetjingar og han var medlem i Det Norske Solistkor frå 2004. Andre kor han var med i var KorVest, Bergen Domkantori, Den Norske Operas kor, VokalArt og Vokal Nord.[3]

Han debuterte som forfattar i 2010 med diktsamlinga Ho står i rommet mitt og brenn utgjeven av Tiden Norsk Forlag. Året etter kom Antisorg, også det ei diktsamling,[4] og i 2012 vart den tredje diktsamlinga hans, kalla Luftorkester, utgjeven posthumt.

Remove ads

Bibliografi

Bøker

  • 2010 Ho står i rommet mitt og brenn diktsamling
  • 2011 Antisorg diktsamling
  • 2012 Luftorkester diktsamling (utgjeven posthumt)

I tidsskrift - eit utval

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads