Argun i Asia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Argun (russisk skrift Аргунь; kinesisk Hailar He; mandsjurisk Ergune bira) er ei elv som renn langs grensa mellom Russland og Kina og ei av sideelvane til Amur frå høgre. Elva er 1620 km lang og har eit nedslagsfelt på 164 000 km².
Elva renn frå vestsida av Store Khingan i Indre Mongolia. Argun renn saman med Sjilka og dannar Amur.
Elva frys til i slutten av november og vert isfri att tidleg i mai. Dei viktigaste sideelvane hennar er Urov, Urjumkan, Gazimur frå venstre og Genkhe go Njuerkhe frå høgre.
Det finst over 60 fiskeartar i elva, mellom anna karpe og stillehavslaks.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Аргунь» frå Wikipedia på russisk, den 24. oktober 2008.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads