Arill Riise
norsk journalist From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Arill Riise (fødd 5. desember 1958 i Sæbø) er ein norsk journalist. Han har tidlegare jobba som nyheitsanker i Dagsrevyen i NRK, og vore informasjonsleiar i Fiskebåtredernes Forbund. I august 2006 byrja han som programleiar i God morgen, Norge! på TV 2. I 2008 var han programleiar for Landstinget i same kanal. Han har også vore programleiar for Norge Rundt, Sommeråpent og NRKs kveldsendingar frå VM på ski i Trondheim i 1997. Han jobbar no som nyheitsanker i TV 2 på kveldsendingane 1830 og 21. I 2014 leia han TV 2 sine morgon og dagsendingar frå OL i Sotsji saman med Annemarta Giske. Han fekk prisen Årets nynorskbrukar frå Nynorsk kultursentrum i 2012 og Kringkastingsprisen i 2016.
Remove ads
Bibliografi
- 1994: Blå fjordar, blått blod
- 1998: Livet på Sunnmøre blant bona og dæmmagutta
- 2006: Sild og Grandiosa
- 2024: Der ingen var einsam. Klyngetunet som vart utsletta
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads