Arjeplogs kommun
kommune i Norrbotten len i Sverige From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Arjeplog kommune ligg på svenske länet Norrbottens län i landskapet Lappland. Kommunen har grenser mot dei svenske nabokommunane Jokkmokk, Arvidsjaur og Sorsele og grensar òg mot Saltdal kommune i Noreg. Administrasjonssenter i kommunen er Arjeplog. Arjeplog er den fjerde største kommunen i Sverige i utstrekning med eit areal på 14 494,09 km².
Remove ads
Geografi
Det finst over 8700 innsjøar og vassdrag i kommunen. Dei største vassdraga er Pite älv, Skellefte älv og Laisälven (sideelv til Vindelälven). Den djupaste innsjøen i Sverige, Hornavan, ligg i kommunen. Ein annan innsjø i kommunen er Tjålmejaure, kjend for sitt rike fugleliv. Nasjonalparken Pieljekaise, 13 naturreservat og eit område for faunavern ligg i kommunen.
Riksväg 95 mellom Skellefteå og grensa til Noreg går gjennom kommunen.
Remove ads
Folketal
Arjeplog er den femte minste kommunen i Sverige målt i folketal med 3116 innbyggjarar og er den svenske kommunen med lågast folketettleik, berre 0,2 innbyggjarar/km².
Remove ads
Samisk språk
Samisk har status som offisielt minoritetsspråk i kommunen[2] og kommunen inngår i forvaltningsområdet for samisk språk i Sverige.
Tettstader
Arjeplog kommune hadde berre ein tettstad i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.
Bilete
- Arjeplog kyrkje.
- Iggesjávrre
- Arjeplog eldste bru, over Dainaksundet.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads