Arkade
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Arkade av latin arcus, boge er ei bogerekkje på ein frittståande søylerad. Arkadar kan også vere eit inntrukke felt på ein vegg, nytta som arkitekturornamentikk, og vert då kalla blindarkade. Bogene kan då stå tett inntil kvarandre eller overskjere kvarandre, og vert då kalla kryssbogearkadar.
- Arkade kan og tyda arkadespel.

I kyrkjearkitektur frå mellomalderen dannar arkaden den nedste etasjen i midtskipsveggen, triforium den midtre, og klerestorievindauga den øvste etasjen.
Utrykket arkade vert også nytta om ein overdekt gang, som også vert kalla galleri, og som er open på ei eller fleire sider gjennom ei arkaderekkje.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- Arkade er eit viktig element i muslimsk arkitektur, som i Tekkiye-moskeen i Damaskus.
- Arkade i Den blå moskeen i Istanbul.
- Midtskipsveggen i St.Denis, som syner arkadar, triforium og klerestorium
- Blindarkade frå St. Madeleine Chateaudun
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads