Arthur Cayley
britisk matematikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Arthur Cayley (16. august 1821–26. januar 1895) var ein britisk matematikar og ein av dei viktigaste matematikarane på 1800-talet.
Cayley praktiserte først som advokat til han i 1863 vart utnemnd til professor i rein matematikk ved universitetet i Cambridge. Han arbeidde innan alle område av matematikken, men var særleg viktig innan ikkje-euklidsk geometri, analytisk geometri, elliptiske funksjonar og grunnlegginga hans av matriserekninga. Han var særs produktiv som matematikar og dei samla verka hans, som omfattar over 900 avhandlingar, vart gjeven ut i 14. bind i 1889-1898.
Remove ads
Kjelder
- Arthur Cayley. (2011-10-30) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Arthur_Cayley
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads