Arzamas

From Wikipedia, the free encyclopedia

Arzamas
Remove ads

Arzamas (russisk Арзама́с) er ein by i Nizjegorod oblast i Russland med om lag 105 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Tjosja, ei sideelv til Oka, 100 km sør for Nizjnij Novgorod.

Thumb
Oppstandelseskatedralen.
Kjappe fakta Land, Høgd ...
Remove ads

Historie

Arzamas vart grunnlagd i 1578 av Ivan den skrekkelege på landområde som på den tida var folkesett av mordvinske folk. I 1737 budde over 7 000 menneske i Arzamas og byen var ein viktig stoppestad på vegen frå Moskva til dei austlege områda av Russland. Byen var kjend for sine gjæser, laukar og for lêrhandverk.

Katarina den store gav Arzamas offisielle byrettar i 1781 og eit byvåpen basert på fargane til Arzamasregimentet. På byrjinga av 1800-talet hadde Arzamas over tjue kyrkjer og katedralar, der den fremste var Oppstandingskatedralen. Ho vart bygd i empirestil til minne om den russiske sigeren over Napoleon i 1812.

I Arzamas låg òg Aleksandr Stupin sin kunstskole mellom 1802 og 1862 og mange kjende russiske kunstnarar studerte der, mellom anna Vasilij Perov.

Mellom 1954 og 1957 var Arzamas hovudstad i Arzamas oblast.

Remove ads

Kjente innbyggjarar

  • Patriark Sergij I av Moskva

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads