Atløyna

øy i Askvoll kommune From Wikipedia, the free encyclopedia

Atløynamap
Remove ads

Atløyna er ei øy i Askvoll kommune i Vestland, nord for Vilnesfjorden ved munningen av Dalsfjorden. Arealet er 37,7 km². Atløyna er tilknytt fastlandet med ferjesamband frå Gjervik ferjekai aust på øya.

Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...

Kyrkja på Atløyna er frå 1674 og vart bygd etter at den tidlegare kyrkja brann ned etter eit lynnedslag i 1673. Det vert sagt at då dei grov opp golvet i den gamle kyrkja fann dei mange skjelettrestar frå menneske. Ein rekna med at desse var frå ei vikinggrav.

På sørsida av Atløyna ligg fjellknausen Brurestakken, som er eit landemerke og utsiktpunkt.

Remove ads

Geologi

Berggrunnen består av folda lag av gneis frå slutten av prekambrium og metasediment frå silur. Sedimenta er avsett direkte på grunnfjellet og har seinare gjennomgått metamorfose og folding. Bergartane vart danna under den kaledonske orogenesen.

Folketalsutvikling

1801[1] 1900[2] 2000[3] 2023[3]
295 523 482 438

Sjå og

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads