Auch

From Wikipedia, the free encyclopedia

Auchmap
Remove ads

Auch (gasconsk Aush) er ein by og kommune sørvest i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Gers i Occitanie. Auch er den historiske hovudstaden i Gascogne, og har i dag over 20 000 innbyggjarar. Elva Gers renn gjennom byen.

Kjappe fakta Land Region Departement, Flatevidd ...
Remove ads

Historie

Auch er ein svært gammal by, og namnet kjem frå stamma Aquitani som budde i området fram til romarane erobra det på 50-talet fvt. Romarane kalla denne stamma Ausci. Romarane kalla byen Augusta Auscorum (eller Augusta Ausciorum), som tyder «Augusta av Ausci». Etter kvart droppa ein Augusta, og namnet utvikla seg etter kvart til Aush og Auch. Innbyggjarar i Auch vert kalla auscitains.

I romartida var Auch ein av tolv civitates i den romerske provinsen Novempopulana (Gascogne).

Éauze, hovudstaden i Novempopulana, i 409 vart lagt i ruinar av vandalar, vart Auch den nye hovudstaden i Gascogne. Han vart sete for eit katolsk bispedøme, som dekte heile Gascogne og som varte fram til den franske revolusjonen. Erkebiskopen hadde tittelen Primas av Aquitaine, Novempopulana, og av kongedømet Navarre.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads