Audun Illskælda

From Wikipedia, the free encyclopedia

Audun Illskælda
Remove ads

Audun Illskælda (norrønt Auðunn illskælda) var ein norsk skald som var aktiv på slutten 800-talet. Fødeår og fødestad er ikkje kjent, heller ikkje når han døydde.

Thumb
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Norrøne kjelder

I Skaldatal[1] er han ført opp som ein av skaldane hos kong Harald Hårfagre.

I Egilssoga[2] er han nemnt som ein av skaldane i hirda til kong Harald Hårfagre, der han hadde setet sitt i det andre høgsetet[Note 1], ved sida av skaldane Torbjørn Hornklove og Olve Nuva. Audun er nemnt som den eldste av dei tre skaldane.

Liv og skaldskap

Det einaste ein veit om livet hans, er det som er nemnt i den historisk usikre forteljinga «Soga om kong Harald Hårfagre sine skaldar»[3], og der blir det òg gitt ei forklaring på tilnamnet hans. Han skal ha gjort eit dikt der han hadde kopiert omkvedet frå ei dråpa som skalden Úlfr Sebbason[Note 2] hadde gjort til kong Harald, og plagiatet gav han tilnamnet «illskælda» det vil seie «den dårlege skalden» og diktet hans vart kalla «det stolne stevet» (stolinstefja).

Diktet som Audun Illskælda skal ha gjort til kong Harald Hårfagre, er gått tapt, og i dag kjenner ein til berre to lausaviser[4][5] som han skal ha dikta.

Remove ads

Notar

  1. Det ringare høgsetet, andsynes setet der kongen sat.
  2. Ulf Sebbason er ført opp i Skaldatal som ein av skaldane hos kong Harald Hårfagre. Han skal ha vore ein slektning av Audun Illskælda

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads