Den australske regionen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Den australske regionen
Remove ads

Den australske regionen er ein biogeografisk region som inkluderer Australia, New Zealand, øya Ny-Guinea og mange av dei små øyane i området, hovudsakleg i den austlege delen av Indonesia. Han er ein av dei åtte biogeografiske sonane kloten vert delt opp i.

Thumb
Den australske økosonen slik som definert av WWF[1]

Biologisk sett, deler den australske regionen ein felles evolusjonær historie og har biotopar for mange felles unike plantar og dyr. Nokre er vanlege i heile området, medan andre er spesifikke for visse delar, men deler eit felles opphav. Det biologiske skiljet mellom Australasia og Asia er Wallace-linja, som representerer grensa mellom to tektoniske plater. Sulawesi og Lombok ligg austom linja, og Borneo og Bali ligg vest for ho.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads